Alle innlegg av nettans
Alle medlem må registrera seg på minidrett.nif.no
Det er no innført ny rutine for handtering av medlemskap i Kvam Pistolklubb. Frå og med 2018 vil alle medlemskap og kontingentar bli handtert via Norges Idrettsforbund sitt fellesregister på minidrett.nif.no. Dette betyr at alle medlem i Kvam Pistolklubb må gå inn og registrera seg på minidrett.nif.no. Her følgjer ein enkel framgangsmåte:
- 1. Gå inn på minidrett.nif.no og velg Ny bruker (dersom du ikkje har ein bruker frå før).
2. Skriv inn mailadresse og klikk på Bekreft e-post.
3. Fyll inn personalia og klikk på Lagre.
Same framgangsmåte kan ein nytta ved søknad om medlemskap, deretter:
- 4. Når profilen på minidrett er oppretta, velg Medlemskap.
5. Klikk på Finn ny klubb og søk fram Kvam Pistolklubb.
6. Velg Kvam Pistolklubb frå lista og send søknad.
7. Du vil då få ei tilbakemelding når du er kobla til Kvam Pistolklubb sitt register.
Under medlemskap på Min idrett finn du også startkortet som du treng for å delta på NSF-stevner.
Første IPSC-stevne i klubben var ein suksess
(Video nederst i saken)
Ei storarta helg for Kvam Pistolklubb! Dynamiskgruppa hadde sitt andre IPSC-godkjenningskurs for skyttarar. Sju flinke og motiverte deltakarar møtte til eit intensivt teorikurs fredag ettermiddag, og av desse var 5 nye medlem til klubben. Kurset haldt fram lørdagen, og vart avslutta på søndagen med praktisk skyteopplæring på vår nye skytebane i Vangdalsåsen.
Seinare på søndagen haldt klubben sitt første dynamiskstevne i Vangdalsåsen. Stevnet var klassifisert som level 2 som tilsvarar eit ope approbert stevne i NSF. Til vår store glede deltok heile 27 skyttarar på stevnet som var adskillig fleire enn me hadde rekna med. Stevnet starta kl. 15:00 og siste skot gjekk av i det siste rest av dagsljos rann ut kl. 20:00. Det kom tilreisande frå Bergen, Stord og Haugesund. Alle var blide og fornøyde og gratulerte oss med det nye anlegget, samt ønska oss lukka til vidare. At me i tillegg skulle vera så heldig med vêret hadde ingen freista håpa. Dette berre understreka kor flott arrangementet var, og laga ei perfekt ramma rundt debuten vår. Vel blåst, Kvam Pistolklubb!
Rune Strømme, leiar i dynamisk gruppe
Resultata kan finnast her: https://shootnscoreit.com/ipsc/match/5932/
Ledige plassar på dynamiskkurs 15.-17. september 2017
Det er framleis ledige plassar på IPSC godkjenningskurset helga 15.-17. september. Kurset blir halde fredag 18.00 – ca. 22.00 og lørdag 10.00 – ca. 16.00 i Dalatun, og søndag 10.00 – ca. 16.00 i Vangdalsåsen.
Påmelding til .
Som siste del av kurset og praktisk eksamen skal deltakarane vere med på eit level 2 stevne i Vangdalsåsen. Til dette stevnet må ein også registrere seg på Shoot ‘n Score It. Lenke til stevnet: http://shootnscoreit.com/ipsc/match/5932/
Under kan de lese om kurset som var sist:
IPSC godkjenningskurs 15.-17. september
Det blir arrangert godkjenningskurs for nye dynamiske skyttarar i helga veke 37, den 15. – 17. september. Kurset blir halde fredag 18.00 – ca. 22.00 og lørdag 10.00 – ca. 16.00 i Dalatun, og søndag 10.00 – ca. 16.00 i Vangdalsåsen. Påmelding til .
Treningar i Vangdalsåsen torsdagar frå kl 1800 til 2200
Støyping av grunnen er no ferdig utført. Snart klar for reising av bygget, som me ser fram til.
Håvard Brurok tok domarkurs i vinter og er registrert.
Tysdag 4.juni var det tryggleikskontroll på KPK sine banar for start skyting med grove våpen.
Alle banar er i utgangspunktet godkjente, ein del rydding på feltbanen etter kommentar frå SU.
Har fått godkjenning til i august då skyttarlaget vil starta med sin skyting. Det vert då ein ny avtale av treningsdagar.
ØJF har no måndag og onsdag. KPK har torsdagar frå kl 1800 til 2200.
Torsdag var det fyste trening på 25 m banen. Det vert litt provisorisk i starten, men noko måtte me gjera for å få litt utetrening.
Med venleg helsing
Kåre Skutevik
Klubbstevner i Dalatun vår/ sumar 2017
I vår/ sumar arrangerer Kvam Pistolklubb følgjande klubbstevner:
Tirsdag 25/4 kl 18:00 – VM FIN
Tirsdag 30/5 kl 18:00 – Standard
Tirsdag 27/6 kl 18:00 – Finpistol
Kr 50.-
Vel møtt!
Referat årsmøte 2017
De kan no laste ned referatet her: Årsmøte 2017.
Årsmøte 21. februar 2017
Den 21. februar kl. 19.00 vert årsmøte halde i båthuset hjå Norheimsund båtlag . Forslag til årsmøtet må sendast til styret før 14. februar.
Velkomen.
Årsmøte i dynamiskgruppa 31. januar
Den 31. januar hadde dynamiskgruppa første årsmøte i båthuset. Det var god stemning og planar vart lagt for nytt godkjenningskurs i mars.