Baneskyting

Under er ein oversikt over pistolprogramma for baneskyting i Norges Skytterforbund. Komplett reglement for alle disiplinar ligg på NSF sine heimesider: NSF konkurransereglement

Baneskyting

Baneskyting føregår stort sett på 25 m og 50 m bane. Eit stevne består normalt av 12 serier a 5 skudd, totalt 60 skudd.

  • Fripistol (2A): (Ord) 5,6 mm (0,22″ LR patroner).
  • Fripistol (2B): (Colt 25 m) 5,6 mm (0,22″ LR patroner).
  • Luftpistol (3A): (Ord) 4,5 mm (0,177″)
  • Luftpistol (3B): Fallfigur 4,5 mm (0,177″)
  • Luftpistol (3C): Standard 4,5 mm (0,177″)
  • Sprintluft (3D): 4,5 mm (0,177″)
  • Silhuettpistol (4): 5,6 mm (0,22″) Minste kulevekt 2.53 g = 39 gr;
    lågaste hastighet 250 m/sekund, målt 2 m frå munningen.
  • Standardpistol (5): 5,6 mm (0,22″ LR patroner).
  • Finpistol (6F): 5,6 mm (0,22″ LR patroner).
  • Grovpistol (6G): 7,62 mm – 9,65 mm (0,30″-0,38″) ”High power” og magnumammunisjon er forbudt.
  • Hurtigpistol (7F): Fin 5,6 mm (0,22 LR patroner).
  • Hurtigpistol (7G): Grov 7,62 mm – 9,65 mm (0,30”-0,38”) ”High power” og magnumammunisjon er forbudt.
  • Hurtigpistol (7M): Militær kal. 9 mm – 11,56 mm (kal. 0,355” – kal. 0,455”) Kulevekt min 100 grain, faktorkrav ≥ 120.
  • Hurtigpistol (7R): Revolver Kal. 9 mm – 11.56 mm (kal. 0,355” – kal. 0,455”)
Silhuettpistol

NAIS

«Norsk Avdeling av Den Internasjonale Skytterunion» (NAIS) er eit ferdighetsmerke som følgjer internasjonal standard. Merket vart stifta i 1939 for rifleskyting, og vart i 1994 utvida til pistol, leirdue, og viltmål. Pistol blir skote einhands i fin eller grov klasse.

  • Nais Fin (8F): 5.6 mm (.22”) – .32″
  • Nais Grov (8G): Frå og med 9 mm og oppover.

PPC

Precision Pistol Competition (PPC) er ein ganske ny disiplin i Norge. Skytingen går på tid, og ein skyt med pistol og revolver på avstandane 3, 7, 15, 25 og 50 yards (3, 6,5, 14, 23 og 46 meter), i forskjellige stillingar som liggjande på magen, sitjande, kneståande, og ståande. Sporten er stor i USA, Sverige, Tyskland, Australia og Canada.

  • P1 = Revolver 1500 (R1500),
  • P2 = Pistol 1500 (P1500)
  • P3 = Standard revolver 6″ (SR6)
  • P4 = Standard revolver 4″ (SR4)
  • P5 = Standard revolver 2,75″ (SR2,75)
  • P6 = Standard pistol 5″ (SP5)
  • P7 = Standard pistol 5″ faste siktemidler (SP5FS)
  • P8 = Open
  • PN1 = Feltrevolver (FR60)
  • PN2 = Feltpistol (FP60)
  • PN3 = Spesialrevolver (SR48)
  • PN4 = Spesialpistol (SP48)