Kvam Pistolklubb tatt opp som klubb i DSSN

Godt nytt år frå dynamiskgruppa! Me er no kommen til 2018 og Kvam Pistolklubb er fullverdig medlem i DSSN. Det betyr i praksis at me har stemmerett ved forbundstinget til DSSN og at klubben har påskriftrett til våpensøknadar for erverv til ervervsklassar under DSSN. Minner om å setta seg inn i ervervsreglane for DSSN.