Skytebanar

Under finn du kart til våre skytebanar. Merk at utanom stevner er banen kun open for medlem. Vidare må baneinstruks og oppsatte skytetider overhaldast.

Utandørsbanen i Vangdalsåsen

Skytebanen i Tolomarka vart lagd ned i 2015, og samstundes starta arbeidet med å byggja eit nytt skyteanlegg i Vangdalsåsen for all skytesport i kommunen. Grovarbeidet vart gjennomført av entreprenør gjennom våren til hausten 2015, og skyteklubbane overtok sine banar september 2015. Endeleg fekk klubben eigen bane etter 32 år. Mykje dugnadsinnsats har vorte lagt ned i bygginga. Det nye anlegget til KPK får 25 og 50 m banar, samt feltbanar.

GPS (gradar, minutt og sekund): 60°19’35″N 6°10’41″E

GPS (desimal): 60.3263, 6.1781

Kartlenkehttps://goo.gl/maps/i5jt86cM8CE2

Adresse: Heradstveitvegen 119, 5600 Norheimsund

Vegskildring:
1. Sving av Fylkesveg 49 ved skilt «Skytebane 3 km», og følg Heradstveitvegen i 1,4 km.
2. Sving til høgre av Heradstveitvegen ved nytt skilt «Skytebane» og følg grusveg fram.
3. Felles parkering bak det store skyttarhuset.

Sjå også nødplakaten for Vangdalsåsen:

 

Innandørsbanen i Dalatun

Frå oktober til og med april har klubben innetreningar med finkaliber på 15 meter i Steinsdalen samfunnshus («Dalatun») tirsdagar kl. 18.00.

GPS: 60°21’38″N 6°05’23″E (60.3604,6.0897)

Kartlenkehttps://goo.gl/maps/iDHeHW4teGK2

Adresse: Dalatunvegen 136, 5600 Norheimsund

Vegskildring:
1. Sving av hovudvegen ved skilt «Industriområde» i nærleik Lid Jarnindustri.
2. Etter 1,1 km køyrer du over ei bru.
3. Etter brua tar du vegen til venstre og fortset 1,3 km på Dalatunvegen.
4. Felles parkering utanfor Steinsdalen samfunnshus.

Sjå også nødplakaten for Dalatun: