Grunnleggande våpensikkerheit

Når ein handterer våpen må ein alltid vere merksam. Under er gode og universielle sikkerheitsreglar for all type skyting. Reglane er laga slik at dersom ein av dei vert broten, så skal dei andre reglane hindre alvorlege konsekvensar. Merk at reglane gjeld sjølv om våpenet er tomt!

1. Alle våpen skal alltid behandlast som om dei er ladd.
2. Peik aldri med munningen på noko du ikkje er villig til å skyte på.
3. Fingeren unna avtrekkaren til siktene er på målet.
4. Ver sikker på målet og det som er bak.

Dette er gode vaner som ein berre får til å sitje med øving. Forskjellige skytegreiner har andre reglar og prosedyrer i tillegg, men følgjer du desse 4 reglane skal du i utgangspunktet kunne handtere alle våpen trygt.

Verneutstyr

Hørselvern: Påbode for alle som skal skyte eller sjå på.
Vernebriller: Tilrådd for både skyttarar og tilskodarar grunna riksosjettfare. I nokre av skytegreinene er vernebriller påkrevd (f.eks. metalsilhuett, PPC og dynamisk). Briller vil også beskytte mot varme tomhylser og uforbrent krutt som kan sprute frå pistolen og skade auga.