Kategoriarkiv: Nyhende

Viktige nyhende og årsmøte 2022

Hei alle medlem og andre lesarar!

Det vart Onsdag 6. April heldt årsmøte i Kvam Pistolklubb med ti oppmøtte, fem utanom styret.

På årsmøte vart det vedteke fleire viktige endringar du som medlem bør halde oppsyn med.
Oppmodar difor alle å lese gjennom referatet og dette innlegget.
Original referatet frå møte kan lastast ned via link.

Medlemskontigent
Det vart einstemmig vedtatt å auka kontigenten for 2023 til kr 1200,– og gje 50% reduksjon til dei som sit i verv i styret.
Klubben har mista noko inntekter grunn av at Dynamisk Sportsskyting er satt på pause samt at klubben har som alle andre i samfunnet auka kostnadar på oppvarming og straum mellom anna. Dette gjer at ein auke i medlemskontigenten er naudsynt for at klubben sitt regnskap skal gå opp.

Skytebanen i Vangdalsåsen
Grunna dårlig låsing av ukjente medlemer i Kvam Pistolklubb kjem varmestova til å bli avlåst inntil vidare. Fleire gonger har stova og resten av klubbhuset blitt ståande ope. Det kjem etter kvart eigen kodelås på 25 meter standplass (ved dør inn til lager) slik at medlemmer kan nytte bana til eigentrening slik som før men utan tilgong til varmestova.
Varmestova er tilgjengeleg slik som vanleg inntil ny lås er på plass.


Dynamisk Sportsskyting i Kvam Pistolklubb
Styret skal ha som ein av sine øvste prioritetar å få dynamisk aktivitet på bana att.
Klubben venter på tilbakemelding frå Kvam Herad vedr eit møte i denne saka. Klubben skal også sende søknad til DSSN å be om utsetjing av krav til aktivitet slik at klubben slepp å miste medlemskapet sitt i DSSN. Det er eigentleg krav frå DSSN å ha minst eit Level 2 stemne per år for å ikkje miste medlemskap.

Det er derimot fortsatt mogleg for medlemmer i Kvam Pistolklubb å ta nybyrjarkurset til DSSN gjennom mellom anna West IPSC, deretter dra på stemner å verve våpen gjennom Kvam Pistolklubb til DSSN sine skyteprogram.
Meir om dette på deira nettsider https://westipsc.no/ og vår eiga dynamisk side.

Styret vedtok i fjor å setje dynamisk aktitivet ved anlegget i Vangdalsåsen pause då det viste seg at banereguleringa, reguleringsplanen og hovudinstruksen for anlegget lot det vanskleg gjere med slik aktivitet på bana. Klubben er i gong med søknadar og møter som du les, slik at me kan få dette på plass att fortast mogleg.

Rekruttering
Det er veldig viktig at me her i Kvam Pistolklubb får inn fleire nye medlemmer. Det å halde nybyrjarkurs er ein forutsetning for at me stadig har aktive medlemmer som vil framje skytesporten vår. Me bør difor i tida framover forsøke å fastsette dato for kursene. Minimum 2 faste gonger i året er føreslått, med moglegheit for fleire kurs dersom det er nok påmelde.


Nettside
Det kom også fram forslag frå underteikna om å byrja å oppdatere heimesida til Kvam Pistolklubb då mykje av informasjonen som er/var her inne verka utdatert. Klubben har dermed fått ny webansvarlig/nytt styremedlem Øyvind Farestveit Kvittingen, som no er i gong med dette. Håpar de nyttar heimesida meir flittig i tida framover.

Forslag/klagar vedr nettside kan sendast via epost til oyvindfk@gmail.com

Følgande har blitt oppdatert side veka:
Dynamisk sida vår er blitt oppdatert
– Treningstider for 2022 er oppdatert
Bli medlem i Kvam Pistolklubb er no oppdatert med bedre info og steg-for-steg prosess.
– Kontakt info er oppdatert samt fleire andre sider. Utsjånaden på nettsida blir også endra etterkvart.

Valgnemnd
Det har dei siste åra vore valnemnda sitt ansvar å finne nye forslag til styret i Kvam Pistolklubb. Grunna fleire årsakar er dette arbeidet no overført til styret.

Koronatiltak

Frå og med onsdag 8. april vert bana i Vangdalåsen åpna att. Det er innført ein del nye rutiner pga Korona viruset. Det er satt ut desinfeksjon og eingangshansker ved inngangsdøra til varmestova og inne på 25 meter standplass.

Denne instruksen finn du og på inngangsdøra :

Gjeldane frå 07.04.2020

– Sprit hendene.
Ta på og bruk eingangshansker ved heising og senking av flagg og ved åpning og lukking av og dører og luker.

– Hald avstand på 2 meter til nærmaste skyttar. Den enkelt skytter er sjølv ansvarlig for å følgje myndinghetenes pålegg når det gjelder avstand 2 meter til andre personer og dei generelle hygienerådene.

– Ved bruk av pappblinkar må skyttaren medbringe dette sjølv og bruke egne lappar. Ta med blinkane frå bana etter skyting.

– Bruk helst oppsatte Sjølvanvisere

– Ikkje benytt skyteloggen. Send SMS til 98 85 54 36 for registrering.

– Det er ikkje tillat å låne bort eget våpen/skytterutstyr. Dette kan medføre økt smittefare.

– Prøv å begrense antall berøringspunkt.

– Sprit hendene etter skyting

Max antall personer som kan skyte samtidig er 4 stk. Dette pga det er lagra ein del byggematerialer på 25 m standplass og det er ikkje plass til fleire enn 4 personar samtidig, når ein skal overhalde 2 meter avstand.

Det er satt opp sjølvanvisere på 15m, 45m,50m og 70m.
Me ser helst att ein nyttar desse då med reduserer antall berøringspunkter.

Ellers vil me påminne alle att det ikkje lov å skyte 1 påskedag iht hovedinstruksen som gjeld for anlegget i Vangdalåsen.

Skyting i dalatun med skyteleder vil ikkje bli opna inntil videre siden det er vanskelig å overholde tiltakene satt av NIF. mtp. avstand og antall skyttere.

Er noe uklart så spør. 

-styret-

Magnumstemnet som var den 4. august

Klubben hadde opent magnum-feltstevne i Vangdalsåsen den 4. august som hausta mykje skryt frå langtveisfarande skyttarar. Me hadde deltakarar frå Haugesund, Sandnes, Etne, Nordhordland, Voss, Tysnes, Bergen, Åsane, og sjølvsagt Kvam. Til saman hadde stemnet 56 startar, fordelt på 32 i Magnum 1 og 24 i Magnum 2. Sola skein under heile stemnet, og det var kjekt å få gode tilbakemeldingar på løypa. Stor takk til alle som hjalp til på dugnad både før, under og etter stemnet, til dømes med å sette opp skiver og med mat. Det vart også skrive om stemnet i avisa Hordaland Folkeblad.

Sjå vedlagt resultat på pdf:

Første runde tildeling av NM-plassar dynamisk

Kvam Pistolklubb har i første runde fått tildelt ein plass til NM i dynamisk pistol. Det er mogleg at klubben blir tildelt fleire plassar i neste runde.

Dersom du er interessert må KPK etterspørre fleire plassar. Som skyttar må du då først gjere følgjande:

  1. Meld deg på NM2018 Viking match i Shoot’n Score It. Link: https://shootnscoreit.com/ipsc/match/6892/
  2. Send ei melding til  om at du er interessert

Bakgrunn: Tildeling runde 1 – Kvam Pistolklubb

 

Klubbstevne lørdag 21. april

No på lørdag prøver vi oss på eit klubbstevne i felt på Vangdalsåsen. Stevnet begynner kl 11:00 og det er 50kr i påmeldingsavgift. Ein melder seg på ved oppmøte. Du kan skyte de fleste klasser untatt magnum. Vel Møtt :)