Bli medlem i Kvam Pistolklubb

Oppdatert 07.03.2024

Hei på deg!

Så kjekt du har har lyst å verte medlem i Kvam Pistolklubb. Me er alltid på jakt etter nye medlemmer og er i dag kring 70 stykk med plass til mange fleire. Me har ny rutine for innmelding i klubben vår som du kan lese nedanfor. Me held nybyrjarkurs ein til tre gonger i året alt etter kor mange som er påmelde. 

Slik blir du fullverdig medlem i Kvam Pistolklubb

Steg 1: Registrer deg til på NSF sine nettsider og meld deg til kurs

Det er no innført ny rutine for handtering av medlemskap i Kvam Pistolklubb. Frå og med 2018 vil alle medlemskap og kontingentar bli handtert via Norges Idrettsforbund sitt fellesregister på minidrett.nif.noDette betyr at alle medlem i Kvam Pistolklubb må gå inn og registrera seg på minidrett.nif.no. Her følgjer ein enkel framgangsmåte:

  1. 1. Gå inn på minidrett.nif.no og velg Ny bruker (dersom du ikkje har ein bruker frå før).
    2. Skriv inn mailadresse og klikk på Bekreft e-post.
    3. Fyll inn personalia og klikk på Lagre.

Same framgangsmåte kan ein nytta ved søknad om medlemskap, deretter:

  1. 4. Når profilen på minidrett er oppretta, velg Medlemskap.
    5. Klikk på Finn ny klubb og søk fram Kvam Pistolklubb.
    6. Velg Kvam Pistolklubb frå lista og send søknad.
    7. Du vil då få ei tilbakemelding når du er kobla til Kvam Pistolklubb sitt register.

Under medlemskap på Min idrett finn du også startkortet som du treng for å delta på NSF-stevner.

Du er no meld til kurs, me tek kontakt med deg så snart kursdato er klar!

Steg 2: Ta sikkerheitskurset hjå oss.

Nye medlem som ikkje har søkt overgang frå annan klubb må (etter å ha sendt søknad via Min idrett) gjennomføre grunnleggande sikkerhetskurs (nybegynnarkurs) i pistolskyting med både teori og praksis.

Til kurset treng ein hørselvern og briller. Ein lærer mellom anna om sikker våpenhandtering, grunnleggande skyteteknikk og ulike skyteprogram. Kursavgifta dekker ammunisjon, lån av våpen og medlemsavgift til KPK og NSF for inneverande kalenderår.

Kravet til grunnleggande opplæring gjeld for alle pistolklubbar tilknytta Norges Skytterforbund. Dersom søkarar kan dokumentere tilsvarande våpenopplæring frå andre klubbar, Politiet, Forsvaret osv. må det avgjerast individuelt om sikkerhetskurset likevel må takast. Som regel gir ikkje opplæring frå Politiet og Forsvaret tilstrekkeleg kunnskap om sportsskyting.

Steg 3: Nybyrjarperiode med skyting.

Når du har fått kurset ditt godkjent og du har betalt alle avgifter for inneværande år er du medlem i Kvam Pistolklubb.
Du er no inne i nybyrjarperioden din der du bør møte opp på faste treningar kvar tirsdag kl 18 dei fyrste 6 månader slik at du kan få god oppfølging og få trent deg mykje på banen. Me har sjølvsagt våpen til utlån og du betalar kun for ammunisjon.
I frå mai til september skyt me utandørs i Vangdalsåsen frå kl. 18.00 til mørkets frembrudd. Frå oktober til april skyt me innandørs i Dalatun.

Steg 4: Verv av eige våpen og vidare aktivitet

No som du har vore medlem i klubben i minst 6 månader og hatt minst 10 treningar siste 6 månader så kan du etter våpenlova søka om å få kjøpa eigne våpen. Du står sjølv fritt kva våpen du vil kjøpe inn men det må være våpen eigna til grena du søker til. Skal du til dømes ha ein pistol i kaliber 22lr kan den eksempelvis kjøpast på programmet finpistol. Skal du ha ein pistol i .45ACP kan den kjøpast på programmet militærfelt.
Me oppmodar nye medlemmer å kjøpe inn pistol i kaliber .22LR som eit av sine fyrste våpen, då ammunisjon er billig i .22lr og kan skytast både innan og utandørs på våre banar heile året. 

Når du har fått eige våpen kan du også delta på stemner i heile landet, samt drive eigentrening i vangdalsåsen om du ynskjer det (merk eigne reglar for dette)

Erverv av handvåpen til sportsskyting

Dei som ynskjer å erverve eige våpen må vere fylt 21 år, vore medlem i 6 månadar og møtt fram på 10 treningar, dugnadar eller stemner siste 6 månader samt ikkje ha noko å utsetja på vandelen iht våpenlova med tilhøyrande forskrift. Me oppmodrar til å lese gjennom dette sjølv. Våpenforskrifta kan du lese på denne lenken, våpenlova kan du lese på her.
Me minnar også om at det er stadige endringar i våpenlova og medlemmer lyt sjølv sørge for å halde seg oppdatert på regelverket.

Politiet krev mellom anna godkjent legitimasjon, kvittering på våpenskap og dokumentasjon på aktivitet for å erverve og inneha handvåpen til konkurranse. Det er strenge krav til oppbevaring og transport av håndvåpen i Noreg. Du kan få meir informasjon om prosessen om våpensøknad ved å spørje styret eller skytebaneleiar.