Dynamisk Sportsskyting

Viktig informasjon om Dynamisk Sportsskyting i Kvam Pistolklubb

Det vart etter mykje om og men hausten 2021 bestemt at Dynamisk sportsskyting ikkje let seg gjere på baneanlegget til Kvam Pistolklubb slik banereguleringa, reguleringsplanen og hovudinstruksen til anlegget i Vangdalsåsen står idag.

Difor er Dynamisk Sportsskyting på vårt anlegg satt midlertidig på pause inntil ein ny plan er kome ut slik at skyting igjen kan føregå med dei lover og reglar som er sett for anlegget blir ivaretatt. Det nye styret i Kvam Pistolklubb skal få igong Dynamisk Sportsskyting att og me er i gong med søknadar og synfaring som kan gjeve oss moglegheita til dette på nytt.

Me har allikevel vald å oppdatere nettsidene våre med meir informasjon om Dynamisk for me er sikre på at me skal kunne få denne aktiviteten på plass att! Medlemmer i Kvam Pistolklubb kan enno ta IPSC godkjenningskurs hjå andre klubbar i Noreg og verve våpen gjennom Kvam Pistolklubb til bruk i DSSN sine skyteprogram.

Me ser fram til å sjå deg på anlegget ved neste Dynamisk stemne!

Om Dynamisk sportskyting
Dynamisk sportsskyting er ei skytegren kvar ein prøver å foreina dei tre elementa hurtighet, kraft og presisjon ved å bruke eit våpen av ei viss minstekraft til å skyta på poenggivande skiver over kortast mogleg tid. I Noreg er sporten organisert gjennom klubbar tilslutta Dynamisk Sportsskyting Norge (DSSN), og internasjonalt av International Practical Shooting Confederation (IPSC). Ved medlemskap i DSSN kan ein difor delta på IPSC (DSSN) stemner både lokalt, nasjonalt og internasjonal om ein ynskjer det.

Sidan Dynamisk er ei skyteform der ein i stor grad skyt under røyrsle er det ekstra stort fokus på sikkerheit, og det krevst difor eige godkjenningskurs for å drive med dynamisk sportsskyting i tillegg til det vanlege sikkerheitskurset du får som nytt medlem i Kvam Pistolklubb.

Kurs for nye skyttarar som vil starte med Dynamisk Sportskyting vert arrangerte av mellom anna Kvam Pistolklubb si Dynamisk Gruppe. Kurset består av teori, praksis og godkjenningsmatch. Sjå gjerne vedlagt video om dynamisk sportskyting!

Reint praktisk føregår Dynamisk skyting ved at du som skyttar skal gå igjennom ei baneutføring (kalla stage) der målet er å treffe mest best mogleg på skrivene med kortast mogleg tid. Den som treff best på målene med kortast mogleg tid og ferrast mogleg skot scorar også best. To skot i den innerste sona (alfa) gjev best score på papir mål. Stålmål gjer kun poeng for eit treff.

Om ein skyt pistol i dynamisk byrjar ein ofte med trekk frå hylster med ladd våpen, men stager kan være laga slik at du må plukke opp pistol frå bord eller annan inretning og deretter skyte stage. Skyt ein rifle eller hagle byrjar ein som oftast med våpen sett mot hofta.

Det kjekke med dynamisk er som du les den store variasjonen både i utføringar av stager, våpen, startførehald og ikkje minst at ein stage kan utførast på mange måtar. Det er ikkje uvanleg at ein ser forskjellige deltakarar på eit stemne gjennomføre stager på vidt forskjellige måtar. Ein ser også skjeldan samme to stager som dynamisk skytter!


Utstyr og våpen til Dynamisk sportskyting
Det er anbefalt at dei som ynskjer å byrje med dynamisk sportskyting allereie har eige våpen, men det er mogleg å låne om ein har ei særskild interesse eller til dei med våpenkunnskap.

Det anbefalast å ha følgande utstyr:

  • Pistol (Godkjent for ein av divisjonane i DSSN) Production klassen har godkjentliste
  • Rigg med følgande ustyr
    – Hylster
    – Minimum 2 magasinholdarar
    – Belte så stivt som mogleg. Innerbelte med borrelås er å anbefale. Åsaka til dette er at nå du trekker vil du ikkje at hylster, belte og bukse føl med pistolen.
  • Hørselvern
  • Briller
  • Minst 3 magasiner til pistol

Litt historie om KPK og Dynamisk
Våren 2016 oppretta KPK ei undergruppe med formål å bli godkjent klubb for dynamisk sportsskyting, og 2018 vart Kvam Pistolklubb fullverdig medlem av DSSN som betyr at Kvam Pistolklubb har stemmerett ved forbundstinga til DSSN og klubben har dermed påskriftrett til våpensøknadar for erverv til erversklassar i DSSN. Medlemmer i Kvam Pistolklubb som har bestått nybegynnerkurs via DSSN kan dermed erverve våpen til alle DSSN sine klassar.
Minnar om at medlemmer må sjølv settje seg inn i våpenlova og krava til verv av våpen i DSSN.