Våpen og våpensøknad

Eige fråsegn frå klubben skal følgje med våpensøknadar for at Politiet skal kunne godkjenne dei.  Dette får du av Kvam Pistolklubb ved minst 10 organiserte treningar/ stemner/dugnarar siste 6 månadar, og har vore medlem i minst 6 månadar.


Viktige endringar i våpenlova for sportskyttarar

Alle medlemmer og lesarar bør merke seg at det kom ny våpenlov per 01.07.2021.

Den nye våpenlova har fleire vitale endringar som har mykje å seie for alle sportskyttarar. Me oppmodar alle til å lese våpenlova med tilhøyrande forskrift sjølv. Særleg kapittel 4 i våpenforskrifta bør lesast gjennom då den omtalar dei mest vitale endringane for sportskyttarar.

Våpenlova
Våpenforskrifta

Dei viktigaste endringane oppsummert:
– Det krevst no minst 10 stemner/treningar/dugnadar siste 6 månadar for å få erverve våpen. Dette gjeld også ved kjøp av nye våpen, altså om du har våpen frå før.

«Politiet kan gje løyve til innehav av eit komplett skytevåpen samt delar til desse våpna til
kvart godkjent skyteprogram
«

Dette betyr at du som medlem kan ha eit våpen til kvart godkjent skyteprogram. Ei liste over godkjente skyteprogram finn du på Politiets nettsider.
Du kan då ha ein pistol til militærfelt, ein til grovfelt, ein til PPC 1500, ein til spesialpistol, ein til finfelt osv uavhengig av kaliber og bruksområde. Dette er ein stor og vesentleg skilnad frå den gamle våpenlova som avgrensa deg til 4 våpen i forskjellige kaliber basert på mellom anna aktivitetsnivå.

– Det er no avgrensing på såkalla «høgkapasitetsmagasin». Skal du kjøpe magasin til pistol med plass til fleire enn 20 skot, lyt du ha tillatelse frå Politiet. Kravet er at du må ha vore medlem i skyttarorganisasjon som har godkjent program for dette, og du må ha gjennomført minst 10 av skyttarorganisasjonen sine organiserte treningar eller konkurransar siste året. Det er eigne krav for rifle og hagle. Les paragraf § 4-4 i våpenforskrifta.

– Du kan kjøpe inn åtte jaktvåpen som jeger utan behovsvurdering frå Politiet.

Våpensøknad til sportsskyttarar

Om du skal sende søknad til Politiet angåande søknad om våpen til sportsskyting må du ta kontakt med nokon i styret for å få stempla papirer. Hugs at du kan søke digitalt på jaktvåpen, men ikkje sportsvåpen.

Papirer på våpensøknad får du på lensmannskontoret innan deira opningstid.

For å få søknad godkjent må du legge ved godkjent legitimasjon, kvittering på våpenskap samt fylle ut søknaden riktig. Du må fylle ut kaliber og våpentype for å få godkjent søknaden.
Du trong ikkje fylle ut fabrikkmerke, modellnemning, eller nummer på våpenet.

Ved søknad om erverv til program innen Norges Skytterforbund skal fylgjande skjema nyttast:

Ved søknad om erverv til program innen Dynamisk Sportsskyting Norge skal fylgjande skjema nyttast:

  • DSSN vedlegg våpensøknad (med påtegning frå både skyttar og klubb)
  • Søkjaren må også leggje fram stevne- og treningslogg for politiet (denne treng ikkje underskrift frå klubben).

Søkjar må ellers oppfylle krava satt i DSSN sine retningslinjer: