Offisiell overtaking av ny skytebane

Bilde0151 Bilde0155

I september overtok Kvam Pistolklubb offisielt sin del av nye Vangdalsåsen skytebane, og har endeleg fått ein eigen bane etter 32 år.

Alle jegar- og skyttarlaga i Kvam var med på det felles planarbeidet som byrja i 2001. I 2013 vart det bevilga 10.000.000,- til bygging av felles infrastruktur og skytebaner. På hausten 2014 såg me at me mangla ca 3.000.000.- og måtte arbeida raskt då budsjettforhandlingane starta. GBS vart valgt som entreprenør og starta arbeidet siste veka i januar 2015. Oppdraget var ferdig 11.09.2015 utan budsjettsprekk.

Takk for alle som har bidrege, de veit kven de er. Hytta i Tolomarka er rydda og klar til å transporterast til Vangdalsåsen som arbeidsbrakke. Me vonar eg at så mange som mogeleg vil delta i reisinga av eit staselig standplassbygg, og håpar støypinga er ferdig før jul dersom vêret held.