Rapport frå banestevne i Ragdehallen, Odda 9. februar

12699302_10153212175666890_1924781273_oTirsdag 9. februar deltok Håvard Brurok og underteikna på banestevne hos Odda PK. Me skaut begge finmatch og Håvard skaut grovmatch. Resultatene er ikkje klar enno, men det var klart at Håvard slo meg med 6 poeng på finmatchen. Velopdragen og høflig som han er, nevnte han ikkje dette med eit ord på vegen heimatt. Det var kjekt å skyta på 25 meter innendørs i ein oppvarma og lys hall. Folka var veldig hyggelige og stemningen var god, og me vart enig om å reisa attende i påsken for å delta på hurtigpistolstevne. Anbefaler alle som kan å vera med, og har ein ikkje vore på stevne før er dette ein kjempefin plass å byrja.

Rune Strømme