KPK tatt opp som prøveklubb i DSSN

Me  har gleda av å kunngjera at Kvam Pistolklubb er tatt opp i DSSN som provsional klubb med endelig godkjenning om 12 månadar. Kvam Pistolklubb har fått tildelt klubbkoden KVP.

Me jobbar med å få til eit IPSC godkjenningskurs for utøvarar i romjula. Me kjem tilbake med tid og stad. Teorien vil bli halden på eigna stad i kommunen, medan me må belaga oss på å reisa til Bergen for den praktiske delen av kurset. Me skal prøva å leggja opp kurset slik at me klarar oss med ein dag i Bergen. I tillegg må dei som går kurset gjennomføra 2 stevner innan ein månad etter kurset for å bli godkjent.

Då er det berre for aspirerende dynamikarar å ha dette i bakhovudet når ein legg planar for romjula.

Med vennleg helsing
Rune Strømme
Dynamisk gruppe
Kvam Pistolklubb