Her kjem nokre bilete som synar vegen til skytebanen og framgangen i bygginga. Alle foto: Kåre Skutevik.
Magnumstemnet som var den 4. august
Klubben hadde opent magnum-feltstevne i Vangdalsåsen den 4. august som hausta mykje skryt frå langtveisfarande skyttarar. Me hadde deltakarar frå Haugesund, Sandnes, Etne, Nordhordland, Voss, Tysnes, Bergen, Åsane, og sjølvsagt Kvam. Til saman hadde stemnet 56 startar, fordelt på 32 i Magnum 1 og 24 i Magnum 2. Sola skein under heile stemnet, og det var kjekt å få gode tilbakemeldingar på løypa. Stor takk til alle som hjalp til på dugnad både før, under og etter stemnet, til dømes med å sette opp skiver og med mat. Det vart også skrive om stemnet i avisa Hordaland Folkeblad.
Sjå vedlagt resultat på pdf:

Kvam Pistolklubb har i første runde fått tildelt ein plass til NM i dynamisk pistol. Det er mogleg at klubben blir tildelt fleire plassar i neste runde.
Dersom du er interessert må KPK etterspørre fleire plassar. Som skyttar må du då først gjere følgjande:
- Meld deg på NM2018 Viking match i Shoot’n Score It. Link: https://shootnscoreit.com/ipsc/match/6892/
- Send ei melding til
om at du er interessert
Bakgrunn: Tildeling runde 1 – Kvam Pistolklubb
Klubbstevne lørdag 21. april
No på lørdag prøver vi oss på eit klubbstevne i felt på Vangdalsåsen. Stevnet begynner kl 11:00 og det er 50kr i påmeldingsavgift. Ein melder seg på ved oppmøte. Du kan skyte de fleste klasser untatt magnum. Vel Møtt :)
Kan du tenke deg å delta på NM dynamisk pistol? Klubben vil i år få tildelt NM-plassar basert på medlemstalet, og må fordele desse plassane innad i klubben. Ta kontakt med leiar for dynamiskgruppa i KPK dersom du er interessert. Meir informasjon ligg på vedlagt PDF: DSSN – Uttak NM Pistol 2018
Referat årsmøte 2018
Årsmøte vart arrangert den 22. februar 2018. Referat kan lesast ved å trykkje her.
Årsmøte Kvam Pistolklubb 2018
Velkommen til årsmøte for
Kvam Pistolklubb
Torsdag 22.02 kl 18:00
i Båthuset.
Forslag til saker sendes på e-post innen 18.02
Vel møtt
Oppdatering om bygginga av skytebanen
KPK held på å byggja standplasshus med varmestove, og bygget vart reist i haust men ikkje fullført utvendig. Det vantar platetak og noko kledning. Været var litt i mot oss under bygging og sutaket. Været har nok skuld i litt dårleg frammøte. No er det nytt år og vonar at interessen tek seg opp att, for å fullføra skytebanen. Skiveanlegget er ikkje starta på, men vonar at i gjennom året kan få starta på den. Bekken gjennom banen skal leggast i røyr i vår, for å få ein tilfredstillande 25m bane. Me arbeider med ein låne/leigeavtalar for å få litt inntekter på banen. Avtalen vert fullført før årsmøtet.
Skyteledere Dalatun Okober – April


Det er no innført ny rutine for handtering av medlemskap i Kvam Pistolklubb. Frå og med 2018 vil alle medlemskap og kontingentar bli handtert via Norges Idrettsforbund sitt fellesregister på minidrett.nif.no. Dette betyr at alle medlem i Kvam Pistolklubb må gå inn og registrera seg på minidrett.nif.no. Her følgjer ein enkel framgangsmåte:
- 1. Gå inn på minidrett.nif.no og velg Ny bruker (dersom du ikkje har ein bruker frå før).
2. Skriv inn mailadresse og klikk på Bekreft e-post.
3. Fyll inn personalia og klikk på Lagre.
Same framgangsmåte kan ein nytta ved søknad om medlemskap, deretter:
- 4. Når profilen på minidrett er oppretta, velg Medlemskap.
5. Klikk på Finn ny klubb og søk fram Kvam Pistolklubb.
6. Velg Kvam Pistolklubb frå lista og send søknad.
7. Du vil då få ei tilbakemelding når du er kobla til Kvam Pistolklubb sitt register.
Under medlemskap på Min idrett finn du også startkortet som du treng for å delta på NSF-stevner.







