Dynamisk sportsskyting

Dynamisk sportsskyting er ei skytegren kvar ein prøver å foreina dei tre elementa hurtighet, kraft og presisjon ved å bruke eit våpen av ei viss minstekraft til å skyta på poenggivande skiver over kortast mogleg tid. Sidan dette er ei skyteform kvar ein i stor grad skyt under røyrsle er det ekstra stort fokus på sikkerheit, og det krevst difor eige godkjenningskurs for å drive med dynamisk sportsskyting i tillegg til vanleg sikkerheitskurs.

Dette er ei svært dynamisk skyteform med stor grad av variasjon, og ein ser aldri samme øving to gongar. Dette har gjort dynamisk sportsskyting svært populært i Noreg med stadig fleire deltakarar. Våren 2016 oppretta KPK ei undergruppe med formål å bli godkjent klubb for dynamisk sportsskyting.

I Noreg er sporten organisert gjennom klubbar tilslutta Dynamisk Sportsskyting Norge (DSSN), og internasjonalt av International Practical Shooting Confederation (IPSC). Ved medlemskap i DSSN kan ein difor reise internasjonalt og delta på IPSC-stevner.