Første IPSC-stevne i klubben var ein suksess

(Video nederst i saken)

Ei storarta helg for Kvam Pistolklubb! Dynamiskgruppa hadde sitt andre IPSC-godkjenningskurs for skyttarar.  Sju flinke og motiverte deltakarar møtte til eit intensivt teorikurs fredag ettermiddag, og av desse var 5 nye medlem til klubben. Kurset haldt fram lørdagen, og vart avslutta på søndagen med praktisk skyteopplæring på vår nye skytebane i Vangdalsåsen.

Seinare på søndagen haldt klubben sitt første dynamiskstevne i Vangdalsåsen. Stevnet var klassifisert som level 2 som tilsvarar eit ope approbert stevne i NSF. Til vår store glede deltok heile 27 skyttarar på stevnet som var adskillig fleire enn me hadde rekna med. Stevnet starta kl. 15:00 og siste skot gjekk av i det siste rest av dagsljos rann ut kl. 20:00. Det kom tilreisande frå Bergen, Stord og Haugesund. Alle var blide og fornøyde og gratulerte oss med det nye anlegget, samt ønska oss lukka til vidare. At me i tillegg skulle vera så heldig med vêret hadde ingen freista håpa. Dette berre understreka kor flott arrangementet var, og laga ei perfekt ramma rundt debuten vår. Vel blåst, Kvam Pistolklubb!

Rune Strømme, leiar i dynamisk gruppe

Resultata kan finnast her: https://shootnscoreit.com/ipsc/match/5932/