Alle medlem må registrera seg på minidrett.nif.no

Det er no innført ny rutine for handtering av medlemskap i Kvam Pistolklubb. Frå og med 2018 vil alle medlemskap og kontingentar bli handtert via Norges Idrettsforbund sitt fellesregister på minidrett.nif.noDette betyr at alle medlem i Kvam Pistolklubb må gå inn og registrera seg på minidrett.nif.no. Her følgjer ein enkel framgangsmåte:

  1. 1. Gå inn på minidrett.nif.no og velg Ny bruker (dersom du ikkje har ein bruker frå før).
    2. Skriv inn mailadresse og klikk på Bekreft e-post.
    3. Fyll inn personalia og klikk på Lagre.

Same framgangsmåte kan ein nytta ved søknad om medlemskap, deretter:

  1. 4. Når profilen på minidrett er oppretta, velg Medlemskap.
    5. Klikk på Finn ny klubb og søk fram Kvam Pistolklubb.
    6. Velg Kvam Pistolklubb frå lista og send søknad.
    7. Du vil då få ei tilbakemelding når du er kobla til Kvam Pistolklubb sitt register.

Under medlemskap på Min idrett finn du også startkortet som du treng for å delta på NSF-stevner.