Kategorier
Nyhende

KPK tatt opp som prøveklubb i DSSN

Me  har gleda av å kunngjera at Kvam Pistolklubb er tatt opp i DSSN som provsional klubb med endelig godkjenning om 12 månadar. Kvam Pistolklubb har fått tildelt klubbkoden KVP.

Me jobbar med å få til eit IPSC godkjenningskurs for utøvarar i romjula. Me kjem tilbake med tid og stad. Teorien vil bli halden på eigna stad i kommunen, medan me må belaga oss på å reisa til Bergen for den praktiske delen av kurset. Me skal prøva å leggja opp kurset slik at me klarar oss med ein dag i Bergen. I tillegg må dei som går kurset gjennomføra 2 stevner innan ein månad etter kurset for å bli godkjent.

Då er det berre for aspirerende dynamikarar å ha dette i bakhovudet når ein legg planar for romjula.

Med vennleg helsing
Rune Strømme
Dynamisk gruppe
Kvam Pistolklubb

Kategorier
Nyhende

Resultat klubbstevne standardpistol 16. august 2016

 

Sjå vedlagt resultatliste: Resultat klubbstevne standardpistol 16. august 2016

Kategorier
Nyhende

Resultat finpistol 12. juli

Sigerspallen såg slik ut:

  1. Rune Strømme, 533 poeng
  2. Harald Kismul, 520 poeng
  3. John Enstad, 512 poeng

 

Kategorier
Nyhende

Klubbstevne standardpistol (5) den 16. august kl. 18.00

Det vert klubbstevne innandørs i Dalatun tirsdag 16. august kl. 18.00. Førehandspåmelding kvelden før til e-postadressa registrering e-post inntil kl. 21.00. Påmelding 50 kr betalast ved start. Ta med nøyaktig sum (ingen veksling).

 

Kategorier
Nyhende

Klubbstevne finpistol (6F) den 12. juli kl. 18.00

Det vert klubbstevne innandørs i Dalatun tirsdag 12. juli kl. 18.00. Førehandspåmelding kvelden før til e-postadressa registrering e-post inntil kl. 21.00. Påmelding 50 kr betalast ved start. Ta med nøyaktig sum (ingen veksling).

Kategorier
Nyhende

Venskapsstevnet 14. mai avlyst

Grunna tekniske problem med skiveanlegget i Dalatun må venskapsstevnet som var planlagd den 14. mai diverre utsetjast.

Kategorier
Nyhende

Feltstevne i Åsane 9. april

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (1)

Laurdag 9. april arrangerte Åsane Pistolklubb feltskyting i Jonahola. Frå Kvam Pistolklubb stilte fire ferske medlem som alle deltok i Finpistol: Tine Sleire, Morten Sleire, Stian Kristiansen og Charlotte Hoff.

Løypa var variert, og med skytetider på dei 10 standplassane frå 6 til 14 sekund, gav løypa oss utfordringar med både skyteavstander, ulike blinkar og skytetider.

Me fekk tilbud frå ÅPK om å låne klubbvåpen og gå ei runde til, denne gongen med Revolver og Grovpistol. Dette takka me såklart ja til sjølv om me aldri hadde prøvd desse våpna før. Veldig moro!

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (2) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (3) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (4) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (5) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (6)

Kategorier
Nyhende

AVLYST Venskapsstevne finpistol (6F) den 14. mai

Lørdag 14. mai kl. 12.00 byr Kvam Pistolklubb til venskapsstevne i finpistol (6F) i Dalatun med reduserte skiver på 12,5 meter. Førehandspåmelding til e-postadressa registrering e-post, med påmeldingsfrist 13. mai kl. 21.00. Påmelding koster 50 kr, pengepremie til vinnar.

OPPDATERING 10. MAI: Grunna tekniske problem må stevnet diverre utsetjast.

Adresse: Dalatunvegen 136, 5600 Norheimsund

GPS: 60°21’38″N 6°05’23″E (60.3604,6.0897)

Kartlenkehttps://goo.gl/maps/iDHeHW4teGK2

Vegskildring:
– Sving av hovudvegen ved skilt «Industriområde» i nærleik Lid Jarnindustri.
– Etter 1,1 km køyrer du over ei bru.
– Etter brua tar du vegen til venstre og fortset 1,3 km på Dalatunvegen.
– Felles parkering utanfor Steinsdalen samfunnshus.

Kategorier
Nyhende

Resultat klubbmeisterskap VM fin 2016

VM fin KM KPK 2.4.16

I dag arrangerte KPK klubbmeisterskap i VM fin (6F) med 8 deltakarar. Harald Kismul vann, John Enstad vart nummer 2 og Rune Strømme nummer 3. Sjå resultatlista her: Resultat klubbmeisterskap VM fin 2016

Kategorier
Nyhende

Skivefundament på plass

Skivefundament 1

I går kom fire dragarar som skal verte skivefundament til banen i Vangdalsåsen. Det er 3 dragarar på 5 meter og ein på 6 meter, og håpet er at dette skal vere nok til både 25 og 50 m banen.

 

Skivefundament 3 Skivefundament 2