Rapport frå silhuettpistol i Åsane, 20. mars

 

Søndag 20. mars deltok tre skyttarar frå Kvam Pistolklubb på silhuettpistolstevne i Jonahola arrangert av Åsane Pistolklubb. Det var eit flott anlegg og kjekke folk, og freistar til gjentaking. Me vart losa gjennom i puljer på 4 skyttarar som kvar skaut på 5 elektroniske skiver. Istadenfor vendeskiver var blinkane utstyrt med grøne og raude lys, og etter seriane var det anvisning både på monitor og storskjerm. Klubbens beste vart Rune Strømme som kom på 5. plass i klasse D.

Åsane 20.3