Kategorier
Nyhende

Første IPSC-stevne i klubben var ein suksess

(Video nederst i saken)

Ei storarta helg for Kvam Pistolklubb! Dynamiskgruppa hadde sitt andre IPSC-godkjenningskurs for skyttarar.  Sju flinke og motiverte deltakarar møtte til eit intensivt teorikurs fredag ettermiddag, og av desse var 5 nye medlem til klubben. Kurset haldt fram lørdagen, og vart avslutta på søndagen med praktisk skyteopplæring på vår nye skytebane i Vangdalsåsen.

Seinare på søndagen haldt klubben sitt første dynamiskstevne i Vangdalsåsen. Stevnet var klassifisert som level 2 som tilsvarar eit ope approbert stevne i NSF. Til vår store glede deltok heile 27 skyttarar på stevnet som var adskillig fleire enn me hadde rekna med. Stevnet starta kl. 15:00 og siste skot gjekk av i det siste rest av dagsljos rann ut kl. 20:00. Det kom tilreisande frå Bergen, Stord og Haugesund. Alle var blide og fornøyde og gratulerte oss med det nye anlegget, samt ønska oss lukka til vidare. At me i tillegg skulle vera så heldig med vêret hadde ingen freista håpa. Dette berre understreka kor flott arrangementet var, og laga ei perfekt ramma rundt debuten vår. Vel blåst, Kvam Pistolklubb!

Rune Strømme, leiar i dynamisk gruppe

Resultata kan finnast her: https://shootnscoreit.com/ipsc/match/5932/

Kategorier
Nyhende

Ledige plassar på dynamiskkurs 15.-17. september 2017

Det er framleis ledige plassar på IPSC godkjenningskurset helga 15.-17. september. Kurset blir halde fredag 18.00 – ca. 22.00 og lørdag 10.00 – ca. 16.00 i Dalatun, og søndag 10.00 – ca. 16.00 i Vangdalsåsen.

Påmelding til .

Som siste del av kurset og praktisk eksamen skal deltakarane vere med på eit level 2 stevne i Vangdalsåsen. Til dette stevnet må ein også registrere seg på Shoot ‘n Score It. Lenke til stevnet: http://shootnscoreit.com/ipsc/match/5932/

Under kan de lese om kurset som var sist:

 

IPSC-godkjenningskurs 27-29. desember 2016

Kategorier
Nyhende

IPSC godkjenningskurs 15.-17. september

Det blir arrangert godkjenningskurs for nye dynamiske skyttarar i helga veke 37, den 15. – 17. september. Kurset blir halde fredag 18.00 – ca. 22.00 og lørdag 10.00 – ca. 16.00 i Dalatun, og søndag 10.00 – ca. 16.00 i Vangdalsåsen. Påmelding til .

Kategorier
Nyhende

Treningar i Vangdalsåsen torsdagar frå kl 1800 til 2200

  

Støyping av grunnen er no ferdig utført. Snart klar for reising av bygget, som me ser fram til.

Håvard Brurok tok domarkurs i vinter og er registrert.

Tysdag 4.juni var det tryggleikskontroll på KPK sine banar for start skyting med grove våpen.

Alle banar er i utgangspunktet godkjente, ein del rydding på feltbanen etter kommentar frå SU.

Har fått godkjenning til i august då skyttarlaget vil starta med sin skyting. Det vert då ein ny avtale av treningsdagar.

ØJF har no måndag og onsdag. KPK har torsdagar frå kl 1800 til 2200.

Torsdag var det fyste trening på 25 m banen. Det vert litt provisorisk i starten, men noko måtte me gjera for å få litt utetrening.

Med venleg helsing

Kåre Skutevik

 

Kategorier
Nyhende

Klubbstevner i Dalatun vår/ sumar 2017

I vår/ sumar arrangerer Kvam Pistolklubb følgjande klubbstevner:

Tirsdag 25/4 kl 18:00 – VM FIN
Tirsdag 30/5 kl 18:00 – Standard
Tirsdag 27/6 kl 18:00 – Finpistol
Kr 50.-
Vel møtt!

Kategorier
Nyhende

Referat årsmøte 2017

De kan no laste ned referatet her: Årsmøte 2017.

Kategorier
Nyhende

Årsmøte 21. februar 2017

Den 21. februar kl. 19.00 vert årsmøte halde i båthuset hjå Norheimsund båtlag . Forslag til årsmøtet må sendast til styret før 14. februar.

Velkomen.

Kategorier
Nyhende

Årsmøte i dynamiskgruppa 31. januar

Den 31. januar hadde dynamiskgruppa første årsmøte i båthuset. Det var god stemning og planar vart lagt for nytt godkjenningskurs i mars.

Kategorier
Nyhende

Nye godkjente dynamiske skyttarar

Tunnelen i BSK

Me vil gratulere alle deltakarane som hadde kurs i dynamisk sportsskyting i romjula med bestått eksamenstevne. Stevnet føregikk hos Bergen Sportskytterklubb etter nyttår, og bestod av 7 stager og over 111 skudd. Stagane var varierte med både sterk, svak og tohånds skyting, stål og papp, og skyting under røyrsle. Alle kursdeltakarane viste sikker handtering og uttrykte at det var moro og lærerikt, som lovar godt for utviklinga av dynamiskgruppa. Me håpar det gav meirsmak! For andre som er interesserte er det mogleg det blir satt opp ekstra godkjenningskurs i løpet av våren.

Kategorier
Nyhende

IPSC-godkjenningskurs 27-29. desember 2016

Det vert IPSC-godkjenningskurs 27-29. desember. Påmeldingsfrist er 18. desember (9 dagar før kursstart). Deltakeravgift: 0 NOK for medlemer i Kvam Pistolklubb (KVP), 1200,- for andre. Maks 10 plassar, medlem i Kvam Pistolklubb vert prioriterte. Kurset ligg også i terminlista til DSSN. Påmelding til .

Krav til deltakar

For å delta på kurset må deltakar vere medlem i klubb tilslutta DSSN (f.eks. Kvam Pistolklubb), og ha tilgang til følgjande utstyr:

  • Håndvåpen godkjent til dynamisk (minimum 9×19 mm, sjå regelverk for divisjonar).
  • Belte og hylster godkjent for dynamisk (sjå regelverk kapittel 5.2)
  • Magasin og reservemagasin for til saman minimum 32 skudd, og minst 2-3 magasinhaldarar.
  • Hørselvern og vernebriller.

Kursopplegg

  • Teoriprøve vert sendt ut på e-post ei veke før kursstart, denne må leverast ferdig utfylt første kursdag. Kravet for bestått teori er 75% (30 av 40 rette).
  • 27. des: Kursstart, teoriundervisning i Dalatun frå kl. 14.
  • 28. des: Tørrtrening på basisferdigheiter i Dalatun frå kl. 14.
  • 29. des: Gjennomføring av basisferdigheiter og skyting i bevegelse. Felles avreise frå Kvam med oppmøte kl. 14.00. Destinasjon Bergen Sportskytterklubb sin skytebane (adresse Lotheveien 1, sjå kartlenke).
  • 8. jan: Level 2 eksamensstevne på skytebanen til BSK (http://dssn.no/index.php?doc=events&task=detaljer&id=N2268)

Eksamenstevnet

Kravet for bestått kurs er at eleven gjennomfører enten eitt level 2 stevne eller 2 stk level 1 stevner innan 1 måned frå kursstart. Det må vere IPSC-stevner (sivilpistol eller steel challenge tel ikkje). Det vert lagt til rette til at elevane deltek på eit eige level 2 stevne arrangert av Kvam Pistolklubb på BSK sin skytebane 8. januar.

Vil anbefale deltakarane til å begynne å kikke på og gjere seg kjent med Handgun-regelverket: http://www.ipsc.org/pdf/RulesHandgun.pdf Still spørsmål om det er noko de lurer på.