Feltstevne i Åsane 9. april

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (1)

Laurdag 9. april arrangerte Åsane Pistolklubb feltskyting i Jonahola. Frå Kvam Pistolklubb stilte fire ferske medlem som alle deltok i Finpistol: Tine Sleire, Morten Sleire, Stian Kristiansen og Charlotte Hoff.

Løypa var variert, og med skytetider på dei 10 standplassane frå 6 til 14 sekund, gav løypa oss utfordringar med både skyteavstander, ulike blinkar og skytetider.

Me fekk tilbud frå ÅPK om å låne klubbvåpen og gå ei runde til, denne gongen med Revolver og Grovpistol. Dette takka me såklart ja til sjølv om me aldri hadde prøvd desse våpna før. Veldig moro!

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (2) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (3) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (4) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (5) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (6)