Søndag 20. mars deltok tre skyttarar frå Kvam Pistolklubb på silhuettpistolstevne i Jonahola arrangert av Åsane Pistolklubb. Det var eit flott anlegg og kjekke folk, og freistar til gjentaking. Me vart losa gjennom i puljer på 4 skyttarar som kvar skaut på 5 elektroniske skiver. Istadenfor vendeskiver var blinkane utstyrt med grøne og raude lys, og etter seriane var det anvisning både på monitor og storskjerm. Klubbens beste vart Rune Strømme som kom på 5. plass i klasse D.


Tirsdag 9. februar deltok Håvard Brurok og underteikna på banestevne hos Odda PK. Me skaut begge finmatch og Håvard skaut grovmatch. Resultatene er ikkje klar enno, men det var klart at Håvard slo meg med 6 poeng på finmatchen. Velopdragen og høflig som han er, nevnte han ikkje dette med eit ord på vegen heimatt. Det var kjekt å skyta på 25 meter innendørs i ein oppvarma og lys hall. Folka var veldig hyggelige og stemningen var god, og me vart enig om å reisa attende i påsken for å delta på hurtigpistolstevne. Anbefaler alle som kan å vera med, og har ein ikkje vore på stevne før er dette ein kjempefin plass å byrja.




























