
1. påskedag reiste 6 kvemmingar på hurtigpistolstevne hos Odda Pistolklubb. Me hadde deltakarar i fin, militær og revolver.

1. påskedag reiste 6 kvemmingar på hurtigpistolstevne hos Odda Pistolklubb. Me hadde deltakarar i fin, militær og revolver.
Lørdag 2. april kl. 12.00 vert det klubbmesterskap i finpistol (6F) i Dalatun. Påmelding ved ankomst.
Søndag 20. mars deltok tre skyttarar frå Kvam Pistolklubb på silhuettpistolstevne i Jonahola arrangert av Åsane Pistolklubb. Det var eit flott anlegg og kjekke folk, og freistar til gjentaking. Me vart losa gjennom i puljer på 4 skyttarar som kvar skaut på 5 elektroniske skiver. Istadenfor vendeskiver var blinkane utstyrt med grøne og raude lys, og etter seriane var det anvisning både på monitor og storskjerm. Klubbens beste vart Rune Strømme som kom på 5. plass i klasse D.

Det vert årsmøte no på fredag den 11.03 kl. 18.00 i båthuset hjå Norheimsund Båtlag.
Tirsdag 9. februar deltok Håvard Brurok og underteikna på banestevne hos Odda PK. Me skaut begge finmatch og Håvard skaut grovmatch. Resultatene er ikkje klar enno, men det var klart at Håvard slo meg med 6 poeng på finmatchen. Velopdragen og høflig som han er, nevnte han ikkje dette med eit ord på vegen heimatt. Det var kjekt å skyta på 25 meter innendørs i ein oppvarma og lys hall. Folka var veldig hyggelige og stemningen var god, og me vart enig om å reisa attende i påsken for å delta på hurtigpistolstevne. Anbefaler alle som kan å vera med, og har ein ikkje vore på stevne før er dette ein kjempefin plass å byrja.
Rune Strømme

I september overtok Kvam Pistolklubb offisielt sin del av nye Vangdalsåsen skytebane, og har endeleg fått ein eigen bane etter 32 år.
Alle jegar- og skyttarlaga i Kvam var med på det felles planarbeidet som byrja i 2001. I 2013 vart det bevilga 10.000.000,- til bygging av felles infrastruktur og skytebaner. På hausten 2014 såg me at me mangla ca 3.000.000.- og måtte arbeida raskt då budsjettforhandlingane starta. GBS vart valgt som entreprenør og starta arbeidet siste veka i januar 2015. Oppdraget var ferdig 11.09.2015 utan budsjettsprekk.
Takk for alle som har bidrege, de veit kven de er. Hytta i Tolomarka er rydda og klar til å transporterast til Vangdalsåsen som arbeidsbrakke. Me vonar eg at så mange som mogeleg vil delta i reisinga av eit staselig standplassbygg, og håpar støypinga er ferdig før jul dersom vêret held.

Styret og banenemnda i Kvam Pistolklubb hadde møte 4. august kvar ein drøfta status og vidare arbeid i Vangdalsåsen.
Klubben får eit flott anlegg i naturskjøne omgjevnadar. Grovarbeidet til entreprenøren nærmar seg ferdig, og det er snart tid for dugnad. Klubben håpar på dugnadsvillige og engasjerte medlem.
GBS entreprenør har god framdrift i bygginga av Vangdalsåsen skytebane.
Plankart:
Sjå i bileteserien under korleis det ser ut i midten av juni:


























Sjå lenke for resultat: 31.05.2015 NOP Bergen Kretsmesterskap i Fin og Grov
Sjå lenke for resultat: 23.05.2015 Bergen Pistolklubb Felt Magnum 1 og 2