Feltstevne i Åsane 9. april

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (1)

Laurdag 9. april arrangerte Åsane Pistolklubb feltskyting i Jonahola. Frå Kvam Pistolklubb stilte fire ferske medlem som alle deltok i Finpistol: Tine Sleire, Morten Sleire, Stian Kristiansen og Charlotte Hoff.

Løypa var variert, og med skytetider på dei 10 standplassane frå 6 til 14 sekund, gav løypa oss utfordringar med både skyteavstander, ulike blinkar og skytetider.

Me fekk tilbud frå ÅPK om å låne klubbvåpen og gå ei runde til, denne gongen med Revolver og Grovpistol. Dette takka me såklart ja til sjølv om me aldri hadde prøvd desse våpna før. Veldig moro!

10.04.2016 Feltstevne Jonahola (2) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (3) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (4) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (5) 10.04.2016 Feltstevne Jonahola (6)

AVLYST Venskapsstevne finpistol (6F) den 14. mai

Lørdag 14. mai kl. 12.00 byr Kvam Pistolklubb til venskapsstevne i finpistol (6F) i Dalatun med reduserte skiver på 12,5 meter. Førehandspåmelding til e-postadressa registrering e-post, med påmeldingsfrist 13. mai kl. 21.00. Påmelding koster 50 kr, pengepremie til vinnar.

OPPDATERING 10. MAI: Grunna tekniske problem må stevnet diverre utsetjast.

Adresse: Dalatunvegen 136, 5600 Norheimsund

GPS: 60°21’38″N 6°05’23″E (60.3604,6.0897)

Kartlenkehttps://goo.gl/maps/iDHeHW4teGK2

Vegskildring:
– Sving av hovudvegen ved skilt «Industriområde» i nærleik Lid Jarnindustri.
– Etter 1,1 km køyrer du over ei bru.
– Etter brua tar du vegen til venstre og fortset 1,3 km på Dalatunvegen.
– Felles parkering utanfor Steinsdalen samfunnshus.

Skivefundament på plass

Skivefundament 1

I går kom fire dragarar som skal verte skivefundament til banen i Vangdalsåsen. Det er 3 dragarar på 5 meter og ein på 6 meter, og håpet er at dette skal vere nok til både 25 og 50 m banen.

 

Skivefundament 3 Skivefundament 2

Rapport frå silhuettpistol i Åsane, 20. mars

 

Søndag 20. mars deltok tre skyttarar frå Kvam Pistolklubb på silhuettpistolstevne i Jonahola arrangert av Åsane Pistolklubb. Det var eit flott anlegg og kjekke folk, og freistar til gjentaking. Me vart losa gjennom i puljer på 4 skyttarar som kvar skaut på 5 elektroniske skiver. Istadenfor vendeskiver var blinkane utstyrt med grøne og raude lys, og etter seriane var det anvisning både på monitor og storskjerm. Klubbens beste vart Rune Strømme som kom på 5. plass i klasse D.

Åsane 20.3

Rapport frå banestevne i Ragdehallen, Odda 9. februar

12699302_10153212175666890_1924781273_oTirsdag 9. februar deltok Håvard Brurok og underteikna på banestevne hos Odda PK. Me skaut begge finmatch og Håvard skaut grovmatch. Resultatene er ikkje klar enno, men det var klart at Håvard slo meg med 6 poeng på finmatchen. Velopdragen og høflig som han er, nevnte han ikkje dette med eit ord på vegen heimatt. Det var kjekt å skyta på 25 meter innendørs i ein oppvarma og lys hall. Folka var veldig hyggelige og stemningen var god, og me vart enig om å reisa attende i påsken for å delta på hurtigpistolstevne. Anbefaler alle som kan å vera med, og har ein ikkje vore på stevne før er dette ein kjempefin plass å byrja.

Rune Strømme